Flagg norgeFlagg England
Logo
Kontakt oss Søk:
 
KV Bergen

KV Bergen nominert til "Ship of the year-2010"


KV BERGEN – verdas mest miljøvenlege kystvakt som ”Ship of the year 2010”?



KV Bergen, bygg nummer 49 levert frå Myklebust Verft/Kleven Maritime til reiarlaget Remøy Management AS i Fosnavåg, er nominert til prisen ”Ship of the year – 2010”.

Prisen vert delt ut av det maritime tidsskriftet Skipsrevyen, og utdelinga finn stad onsdag 8. september 2010 i Hamburg, i samband med den internasjonale messa SMM (Shipbuilding, machinery & marine technology).

KV Bergen er – saman med systerfartya KV Barentshav og KV Sortland – verdas mest miljøvenlege kystvaktfarty, fordi dei nyttar LNG (naturgass) som primært drivstoff. Hybridløysing med dieselmotor i tillegg sikrar stor fart (maks 20 knop) og kraft når det trengs. Dette, saman med skrogutforminga som gir svært lav motstand i vatnet, gjer at drivstofforbruket er optimalisert for fartyet sine hovudoppgåver – patruljeteneste med lav fart.

Reduksjonen i NOX-utslepp ved bruk av naturgass som drivstoff er rekna til om lag 90% i høve til diesel, tilsvarande er CO2-utsleppet redusert med om lag 25%.

KV Bergen vart levert til reiarlaget Remøy Management AS våren 2010, med dåp i Bergen 10. april 2010. Gudmor var Anne Grete Strøm Eriksen.



For meir informasjon ta kontakt med:

Kleven Maritime: Konsernsjef Ståle Rasmussen mobil 90936493