Flagg norgeFlagg England
Logo
Kontakt oss Søk:
 
Rem Clough
Rem Clough

Offshore service farty

Verfta innan Kleven Maritime er leiande på området offshore farty, og både Kleven Verft og Myklebust Verft har lang erfaring med å bygge dei mest avanserte fartya. Vi har lagt stor vekt på løysingar som er framtidsretta, pålitelege og har lave vedlikehaldskostnadar. Den høge kvaliteten gjer at skipa har ein høg andrehandsverdi.

Selskapet har omfattande erfaring med bygging av store MPSV, ATHS og PSV, og vi har hatt kontinuerlege leveransar til leiande aktørar med spesielle krav til kvalitet, leveringssikkerheit og oppfølging også etter leveranse.

Kleven Maritime er leiande innan bygging av kystvaktfarty. Tre av siste generasjons LNG-drivne KV farty av Barentshavklassen blir bygd ved Myklebust Verft, og blir levert i år 2009-2010.

Ved å utvikle og bygge eit større antal kompliserte farty, har Kleven Maritime vore ein del av utviklinga til offshorenæringa. Dei type skip som blir brukt i Nordsjøen er kjende for å vere svært robuste, og har blitt tatt i bruk over heile verda.

I mange tilfelle vil det vere ønskeleg og nødvendig å gjere endringar undervegs i byggeprosessen. Dette kan skuldast nye reglar, nye produkt som bør installerast, at oppdragsgivar endrar oppdraget eller at ny oppdragsgivar kjem inn. Saman med designselskapa har Kleven Maritime den fleksibilitet som trengst for å gjere slike endringar utan at det går utover framdrifta.

280x230X1024x410.JPG
Seven Sister