|
| |
|
|
 |
| Kranoverhaling |
Reparasjonar
Reparasjon og oppgradering av fiskefarty var det som la grunnlaget for Kleven Verft og Myklebust Verft i oppstarten. Sidan har Myklebust Verft spesialisert seg på reparasjonar og service til farty etter at dei er ferdigstilt.
Myklebust Verft er eit kombinasjonsverft, som satsar både på nybygg og reparasjonar. Det at Myklebust Verft kan tilby service til farty gjennom heile livssyklusen er svært ettertrakta. Det er stor etterspørsel etter denne typen kompetanse, og Myklebust Verft arbeider hardt for å kunne møte begge sine målgrupper, både innan nybygg og reparasjon. Dei fleste reiarlag ser på det som ein stor fordel at service og reparasjon blir utført ved same verft som har bygd fartyet, og våre tilsette har den erfaringa og ekspertisen som trengst.
Arbeidsoppgåvene varierer mellom alt frå akseltrekk, skifte av botnutstyr, overhaling av thrustarer og ror, til malingsarbeid og installering av ny teknologi. Det er heilt spesielle krav som blir stilt til dei tilsette sin kompetanse og fleksibilitet for å kunne utføre dei mangfaldige oppdraga innan vedlikehald og reparasjon.
|
|
 |
| Mange båtar ved kai |
|
|
|
|