Siem Pearl Siem Pearl er det første av i alt 8 store AHTS med bollard pull på 285 tonn som Kleven Maritime skal bygge for Siem Offshore. Dei 8 AHTS skipa blir bygd ved Kleven Maritime sine ulike avdelingar, og er av designet VS 491 CD AHTS.
Dette er skip med svært høge kapasitetar, designa for tauing, ankerhandtering, djupvassinspeksjonar og konstruksjonsarbeid. Fartya har Clean Design, hybridløysning og avgassrensing som kombinert med forma på fartyet, gjer at skipet har ein svært høg miljøprofil.
Ombord i Siem Pearl er det lugarplass til 60 personar . Innreiing med lugarar ,opphaldsrom og konferanserom har ein veldig høg standard.
|