Superyacht nr to er levert

370 prøvetur
Kleven har levert den 116 meter lange superyachten, byggnr. 370, til eigaren, Graeme Hart. Det spektakulære fartøyet gjekk frå Kleven Verft i helga, med kurs for Tyskland og siste ferdigstilling.

- Vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt med Hart og teamet hans, og på tilliten som er vist oss ved at dei på kort tid har bygd ikkje berre ein men to fantastiske fartøy hos Kleven, i eit segment som har vore nytt for oss, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Fartøyet av typen MT 5006 MKII ESV (Exploration Support Vessel) frå Marin Teknikk, og er spesielt utvikla for lange ekspedisjonar i røffe farvatn. Søsterskipet, ein 107 meter lang superyacht - kalla Ulysses, vart levert til eigaren i august 2015.

- Desse to fartøya har blitt svært viktige referansar for oss i ein ny og spennande marknad, og vi opplever stor merksemd rundt dei, seier Rasmussen.

Overleveringa av det første fartøyet til Graeme Hart i 2015 markerte starten på eit skifte i leveransane frå Kleven. I vel ti år har verftsgruppa, med få unntak, levert offshorefartøy hovudsakleg til norske eigarar. Kleven har no ei differensiert ordrebok, med fartøy til fleire ulike segment til i hovudsak utanlandske eigarar. Ordreboka inkluderer hurtigruteskip, fiskefartøy, ankerhandteringsfartøy, kabelleggingsfartøy, brønnbåtar, hybridferjer og ein slaktebåt.